About this role
Det er store og spennande oppdrag på gang, og vi ynskjer å styrke laget med prosjektleiar i Sunnfjord. Veidekke har eit sterkt fokus på menneska i organisasjonen og forventar at du er med og bidreg til å gjere oss betre som organisasjon. Vi har stort fokus på innovasjon og samarbeider både på tvers av prosjekt og distrikt.Vi jobber primært med prosjekt innan private næringsbygg, bustader, offentlege formålsbygg og anleggsrelaterte prosjekt innan energi og industri. Stillinga vil vere knytt til vårt avdelingskontor i Førde, og vi har prosjekt i heile Sunnfjord.ProfilSom prosjektleiar har du ansvaret for prosjektet du jobbar i. Det betyr at du skal legge til rette for at alt går som det skal, frå kontrakt til økonomistyring, kvalitetssikring og miljøomsyn. I tillegg vil du ha ei sentral rolle i utvikling av prosjekt og i anbodsprosessar, og vere ei viktig brikke i alle fasane frå prosjektutvikling til ferdigstilling av prosjekt.Du leier dialogen med kundane, passer på at teamet ditt har det bra og sørger for framdrifta i prosjektet. Du held og auge med bemanning, HMS og innkjøp. Du vil jobbe i team saman med dyktige medarbeidarar i Veidekke og leverandørar/UE/rådgivarar. Som prosjektleiar inngår du i vårt kompetanse-nettverk for PL, både lokalt og sentralt i Veidekke.KvalifikasjonerVi søker deg som har både ein teoretisk bakgrunn og byggeteknisk erfaring. Vi tenker at fylgjande er sentrale områder du kjenner deg att i, trivast med og vert utfordra av:• Godt humør, stå-på-vilje, likar å jobbe i team – flink med folk!• Trygg og inspirerande leiar• Bachelor/Master innan byggfag eller teknisk fagskule• Allsidig erfaring frå større komplekse bygg eller anleggsprosjekt• God kommersiell forståing• Gode norskkunnskaper, skriftleg og muntleg• Trivast både i felten, på brakka og kontoretVi ynskjer å få med deg som har tru på eiga gjennomføringsevne. Du tek eigarskap til prosjekta, evner å motivere, ser mulegheiter, er resultatbevisst og kreativ. Det er viktig at du er initiativrik og handlekraftig. I Veidekke får du ansvar om du tek ansvar. Gode idear, godt samspel og involvering er sentrale tema hos oss, og du må ynskje å utvikle deg sjølv og teamet du jobbar i. Kort fortalt: Du er ein leiar med stort pågangsmot, er beslutningsdyktig og ein god lagspelar.Vi tilbyrHos oss blir du ein del av eit miljø der vi ler mykje og støttar kvarandre gjennom tjukt og tynt. Her deler vi kunnskap, leverer gode resultat og veks saman. Og ja, vi har det skikkeleg kjekt undervegs.Du får jobbe med spennande prosjekt i Sunnfjord og resten av distriktet saman med trivelege kollegaer i eit sterkt fagleg miljø. Vi ynskjer å vere ein organisasjon der alle blir sett, med stor fridom og høve for involvering og utvikling. Ein får ansvar og tillit, og kunde, HMS og kontinuerleg forbetring står øvst på agendaen.Du får konkurransedyktige vilkår, inkludert bonusordning, aksjeordning for medeigarskap, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi har bedriftshytter og ulike sosiale arrangement.Søknadsfrist er 20. januar 2027, men merk at aktuelle kandidatar kan bli innkalla til intervju fortløpande. Har du spørsmål eller vil vite meir om stillinga? Vi tek gjerne ein prat med deg.Bjørnar Haveland, Avdelingsleiar Veidekke Bygg Sunnfjord tlf 920 23 650Ole Petter Henden, Distriktsleiar Veidekke Bygg Sogn og Fjordane tlf 977 75 643Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.